No kan du lese Esbensendagbøkene på nett!

No kan du lese Esbensendagbøkene på nett!

Handelsmannen Hans Fredrik Esbensen (1855-1931) frå Vadsø skreiv dagbøker i nesten 50 år. Desse har vi no publisert på Digitalarkivet, fritt tilgjengeleg for alle.

Link https://media.digitalarkivet.no/db/browse?page=3&depository%5B0%5D=95&start_year=&end_year=&text=

Foto: Hans Fredrik Esbensen 1890. Hansen & Weller/Vadsø museum- Ruija kvenmuseum

Hans Fredrik Esbensen dreiv handel i Vadsø og og budde på Esbensengården på Sletten, i dag eit museumsanlegg i Vadsø. Foreldra hans var Rasmus Galberg Esbensen (1827-1914) og Mathilde Henriette Brammer (1826-1895). Hans Fredrik overtok faren sitt handelsanlegg i Ytre kvenby (i dag Ytrebyen), ein bydel som var i sterk vekst på grunn av den store kvenske innvandringa. Han var 2. generasjon, etter Rasmus og Mathilde, som budde i Esbensengården. Handelsanlegget var ein sentral del av pomorhandelen og gården er bygd som eit varangerhus, truleg av russisk tømmer.

Foto: Esbensengården på Sletten, ca. 1900. Vadsø museum/Ruija kvenmuseum

Konservator Tove Kristiansen skreiv i 2018 artikkelen «Esbensen-dagbøkene. Kulturminne fra en norsk og internasjonal handelsgård». Denne kan du lese her: Link http://finnmarksarkivene.no/?p=6389

Linker

Dagbok 1880-1885 https://media.digitalarkivet.no/view/148686

Dagbok 1898-1900 https://media.digitalarkivet.no/view/148687

Dagbok 1901-1905 https://media.digitalarkivet.no/view/148688

Dagbok 1905-1908 https://media.digitalarkivet.no/view/148689

Dagbok 1908-1911 https://media.digitalarkivet.no/view/148690

Dagbok 1917-1920 https://media.digitalarkivet.no/view/148692

Dagbok 1920-1923 https://media.digitalarkivet.no/view/148693

Dagbok 1923-1929 https://media.digitalarkivet.no/view/148694

Dagbok 1887-1909 https://media.digitalarkivet.no/view/148695